Skrevet 26. May 2014 kl 11:06 av Terje. Sist redigert: 26. May 2014 kl 13:06
Ingen kommentarer (Skriv en kommentar addcom):
Skrevet 23. Aug 2010 kl 16:30 av Terje. Sist redigert: 23. Aug 2010 kl 18:35

Jau, sjølv om denne bloggen er ny i seg sjølv, så gir eg litt opp i å skriva heile skiten frå bunn av. Sjølv om det er kjekt og lærerrikt tar det mye tid og er lett og gå seg vill i hav av kode. Dessuten har eg begynt på bachelorprogram i Nye Medier ved UiB, og å oppretta ein blogg er faktisk ein del av pensum, blant mye annet moro eg gler meg til å begynna på. Stay tuned og takk for at du titta innom :)

1 kommentar (Skriv en kommentar addcom):
LAO Kommentar
LAO
08. Feb 2012 kl 9:49
LAO
Skrevet 30. Jun 2010 kl 19:20 av Terje. Sist redigert: 30. Jun 2010 kl 21:48

Dei som ikkje allerede har sjekka det ut, bør ta ein titt på FPV-Leif sine videoer. Han og andre entusiaster flyg fjernstyrte fly og mikrohelikopter mens dei filmer fra desse. Dei er frå Granvin men har også vært på Voss og filma litt.

Oktokopteret til FPV-Leif, og beina hans, ser slik ut:

Oktokopter

Det har som du ser 8 rotorer, er utstyrt med blant annet gps og gyro, og har eit hd-kamera montert på ein anti-shake Petter Smart-løsning. Han kan også via skjerm-briller se ut ifrå mikrokopteret mens det flyg. Det kan fint løfte ein 1.5L cola-flaske, og går på batterier så det er både miljøvennlig og relativt stille.  Han var og filma før åpningen på Veko i år, det kan bli kjekt å sjå.

Dei tilbyr også film og foto-tenester på HardangerPanorama. Genial måte å få tatt foto fra luften på. Sjekk også FPV-Leif si heimeside, og videoane hans på Vimeo.

Ingen kommentarer (Skriv en kommentar addcom):
Skrevet 28. Jun 2010 kl 13:18 av Terje. Sist redigert: 28. Jun 2010 kl 17:56

Jon Gjerde

I går var det åpning av Ekstremsportveko 2010 på prestegardslandet.

Det var eit flott show med mye flyging av paraglidere, hangglidere og fallskjermhoppere.

Var så heldig å få være med ut i ein båt og fekk dermed ganske god oversikt, bedre enn å stå midt inni folkemengden.

Årets Bula-stunt viste seg også ekstra godt i alle regnbogens farger :)

Bilder fra åpningen kan sjåast her.

Bulakua

Så kan det òg nevnast at inni teltet spelte Fjellfolk stilig, Gåte-aktig musikk til eit utrulig kult pyroshow av Flaks Juggling Group.

Fjellfolk og Flaks Juggling Group Fjellfolk og Flaks Juggling Group 2
Fjellfolk og Flaks Juggling Group 3
1 kommentar (Skriv en kommentar addcom):
Marzenka Kommentar
Marzenka
12. Oct 2012 kl 14:46
jeg ønsker å se slike visen!!! 
Skrevet 22. Jun 2010 kl 1:06 av Terje. Sist redigert: 22. Jun 2010 kl 1:08

Fant igjen gamle gps-logger frå fjorårets tur over Gråsida med Svein Olav og laga eit elevasjonsdiagram i Google Earth:

Ganske så fin tur, planlegger ein ny slik snart :)

Ingen kommentarer (Skriv en kommentar addcom):
Skrevet 20. Jun 2010 kl 7:15 av Terje. Sist redigert: 20. Jun 2010 kl 10:45

Tok meg en tur opp Raugstad på fredag og gjekk heilt opp til Hanguren. Det var ein nydelig tur, mykje finare enn å gå opp under Hangursbanen. Tok meg god tid, så det tok to-tre timer å gå heimeifrå. Blei eindel fotopauser også. Bildene frå denne dagen kan sjåast her. Turen starta i Lydvabaret og snart var eg her og fekk helsa på dei lokale sauene:

Vangen Saueportrett

Raugstad begynner med veg opp til parkeringsplassen på Heggjavad, og avtar inn i flott traktorveg vidare oppover. Det står skilt med piler til Kiseldur og Hanguren ein sjeldan gong oppover. Etter kvart kjem du opp til noen flotte gjerder som har blitt satt opp, samt terrenget blir meir og meir nydelig.

Raugstad_01 Raugstad_02 Raugstad_04 Raugstad_04
Raugstad_04 Raugstad_04 Raugstad_04 Raugstad_04

Det er mykje flotte trær langs Raugstadløypa!

Flotte trær Flotte trær Flotte trær 2

Det føles veldig godt å komme opp i lysløypa, og ein begynner å kjenne igjen den vegen ein har skridd ned om vinteren, som forøvrig er ein fantastisk tur.Så er det berre ein lett kilometers vandretur bort til Hangursrestauranten og Hangursbanen, som for tiden går til kl 17:00. Denne koster 100 NOK for et voksent menneske å ta opp, og er gratis å ta ned igjen.

Hangursrestauranten

Hangursrestauranten er åpen til banen stenger. Anbefaler forøvrig ikkje å kjøpe kaffe på Hangursrestauranten, den er for dyr i forhold til den fæle, sure smaken som eg opplevde denne dagen. Men personalet var veldig hyggelig. Utsikten frå Hangursrestauranten er som vanleg upåklagelig god:

Utsikt frå Hangursrestauranten

Og ja, eg tok sjølvsagt banen ned att.

Hangursbanen

GPS-Logg av turen:

HangursbanenGPSlogg
Ingen kommentarer (Skriv en kommentar addcom):
Skrevet 19. Jun 2010 kl 20:07 av Terje. Sist redigert: 19. Jun 2010 kl 20:54

Har mekka i stand ein ny blog! Endelig. Lite her foreløpig, men det kjem seinare :)

Ingen kommentarer (Skriv en kommentar addcom):





Nesthus.net - Copyright © 2010 Terje Nesthus - Denne siden er lastet 1345 ganger, i dag: 0. Totale sidevisninger: 149975 (i dag: 43, derav 13 er bildevisninger) siden 28 Mai 2010.